Monday, August 20, 2007

Danmarkstur


Onsdag 15. august tok vi bilen og vendte nasa mot Danmark. Turen var bortimot 70 mil lang, og tok godt og vel 9 timar. Trøtte og leie var vi ved ankomst Vipprød - Sjælland. Pia, Ole, Lucas og Thias tok imot oss med opne armar. Ferieopphaldet var stille og rolig med god mat, playstation, poker og skravling - fram til fredagen. Då ramma omgangssjuka heimen, og eg og Miriam tok då toget til Köbenhamn. Der rusla vi rundt til godt utpå kvelden. Men trudde vi at vi skulle sleppe kvalme og magesjau, så skulle vi tru om igjen. Laurdag var nemlig begge to blitt sjuke, og tilbrakte dermed denne dagen i seng og sofa. Søndag var formen betre, og vi åt brunch på restaurant med Pia, Lucas og Thias. Eg og Miriam fant og ut at vi ikkje orka den lange bilturen heim, så vi tok oss inn på Crown og Scandinavia samme ettermiddag. Vi hadde oss ein riktig så trivelig kveld på båten, og morgonen etter var vi i Oslo!
Posted by Picasa

1 comment:

Unknown said...

Hei Håvard og Miriam.
Veldig kjekke og koselege bilde frå Danmark. Og så ser dåke så nyforelska ut at det er ein fryd...:-)
Ser og ut som de har fått godt tak på blogginga. Veldig moro ikkje sant? Det er viktig å halde den varm slik at folk ser at det skjer noko. Då blir den meir brukt!
Eit lite tips Håvard. Har du tid er det veldig kjekt hvis du legg inn ein kommentar til bilda t.d. kor det er frå, kven er med etc. Det er litt kjekt for den som ikkje kjenner personane eller stadane de er! Lukke til vidare...og så ventar vi på dåke her..:-)

Gustav